Michael Melchior
Michael Melchior | |
![]() | |
Fødd | 31. januar 1954 (66 år) Danmark |
Yrke | politikar, rabbinar |
Michael Melchior på Commons |
Michael Melchior (fødd 31. januar 1954) er ein dansk-jødisk rabbinar og israelsk politikar og representant for det venstreorienterte religiøse partiet Meimad i Knesset (det israelske parlamentet).
Michael Melchior vart fødd inn i ein rabbinarfamilie i København og fekk sin semikhá (ordinasjon) som rabbinar frå Yeshivat Hakotel i Jerusalem. Han tente i mange år som rabbinar ved Det Mosaiske Trossamfund i Oslo, der han inntil nyleg framleis var overrabbinar.
Sidan 1985 har Michael Melchior og familien hans hovudsakleg budd i Israel. I 1999 vart han vald inn i Knesset som representant for Meimad og han vart attvald i 2003. Sidan 1999 har han vore minister for det israelske samfunnet og for det jødiske verdssamfunnet. I perioden frå 1999 til 2002 var han i tillegg viseutanriksminister.