Midsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midsund
tettstad
Midsund.JPG
Utsyn mot Midsund. Brua over Midsundstraumen knyter dei to største øyane i kommunen saman.
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Areal 0,68 km²
Folketal 577 (2017)
Folketettleik 849 / km²
Postnummer 6475 MIDSUND
Innbyggjarnamn midsunding/ midsundværing

Midsund
62°40′25″ N 6°40′26″ E

Midsund er ein tettstad i Molde kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på Otrøya og har 577 innbyggjarar per 1. januar 2017. Han var administrasjonssenteret og den einaste tettstaden i den tidlegare kommunen Midsund.

Midsund sentrum har fleire servicefunksjonar. Her er det postlokale, folkeregister, likningskontor, fiskerirettleirar, folkebibliotek og helsesenter. Innan privat tenesteyting er det me.a. bensinstasjon, kolonialbutikkar, klesforretning, frisør, bank, taxisentral, elektrisk forretning, husflidsforretning, blomster- og gåveforretning, sportsforretning og kafear.

Kommunen har ledig industri- og serviceareal i Stormyra industriområde. Der er det òg djupvasskai og lagerplass for kjølecontainerar.

Det går veg kring Midøya og Otrøya med brusamband mellom, og vidare bru til Dryna gjennom fylkesveg 668. Der er det ferjesamband med Brattvåg og vidare veg til Ålesund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]