Midsund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Midsund kommune
tidlegare kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Midsund
Areal 95 km²
 - land 94 km²
 - vatn km²
Målform Nynorsk
Ordførar Odd Helge Gangstad (Sp)
Kommunenr. 1545
Kart
Midsund kommune
62°42′31″N 6°47′48″E / 62.708611111111°N 6.7966666666667°E / 62.708611111111; 6.7966666666667
Wikimedia Commons: Midsund (former municipality)
Nettstad: www.midsund.kommune.no

Midsund er ein tidlegare norsk øykommune på romsdalskysten i Møre og Romsdal. Han var omgjeven av kommunane Aukra i nordaust, Molde i aust, Vestnes i sør, Haram i sørvest og Sandøy i vest. 1. janaur 2020 vart kommunen slegen saman med Molde og Nesset til nye Molde kommune.

Det var to kyrkjer i Midsund kommune. Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje ligg begge på Otrøya.

Kommunen hadde rundt 2050 innbyggjarar. Tettstaden Midsund hadde 583 innbyggjarar per 1. januar 2019.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst spor av busetjing frå Fosnakulturen ca. 6-8000 år f.Kr. Ein kjenner også til busetjinger frå 1400-talet.

Den mektige steingarden på Midøya var ein del av riksgrensa mellom Danmark-Noreg og Sverige i perioden 26. februar 1658 til 27. mai 1660. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på riksgrensa.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen består av øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra.

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Dialekt[endre | endre wikiteksten]

Ein frå midsund snakkar romsdalsdialekt og brukar «i» som førsteperson eintall.

Næringsdrift[endre | endre wikiteksten]

Næringslivet i Midsund er preget av fiskeoppdrett, fiske, jordbruk og havrelatert mekanisk industri.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Midsund har sitt eige idrettslag som heite Midsund Idrettslag (forkorta MIL). Vi finn ein idrettshall, treningsstudio, Midsund stadion og Skeidvoll kunstgrassbane.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Midsund har ein kino som har tilholdsstad på bygdheim forsamlingshus. Bygdheim har plass til 170 personar.

Midsund musikklubb bidrar til å oppretthalde levande musikk i Midsund.

Midsund har eiga lokalavis kalla Midsundingen som blir oppdatert kvar dag på nettstaden deiras og utgjeve kvar måned i papir.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørneremshellarane
  • Franskhelleren
  • Hellekista på Orset
  • Helleristningar på Nord Heggdal
  • Kvernhuset i Heggdalsvika
  • Midsundtrappa
  • Riksgrensa mellom Danmark/Noreg - Sverige

Kjende folk frå Midsund[endre | endre wikiteksten]

  • Anton Beinset, (1894-1963), redaktør og forfattar
  • Eivind Reiten, (1953-), politikar og næringslivsleiar
  • Ole Arve Misund, (1958-), direktør i Norsk Polarinstitutt
  • Eldbjørg Raknes, (1970-), jazzmusikar
  • Steinar Raknes, (1975-) jazzmusikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2019-11-04», ssb.no (på norsk), henta 11. desember 2019 
  2. «Om Midsund - Midsund kommune», www.midsund.kommune.no, arkivert frå originalen 21. november 2019, henta 5. november 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.