Midt-Telemarkrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Midt-Telemarkrådet er eit samarbeidsorgan samansett av ordførarar, rådmenn og ein politikar frå opposisjonen i kvar av kommunane , Nome og Sauherad. Det blei etablert i 2002, og skal:

  • - arbeide for felles interesser overfor fylkeskommunane, fylkesmannen, stat og næringsliv.
  • - arbeide for samordning og effektivisering av den kommunale tenesteytinga.
  • - arbeide for utvikling av næringsliv og kulturliv i regionen.
  • - profilere regionen som eit attraktivt buområde og ein attraktiv arbeidsmarknad.
  • - arbeide for berekraftig utvikling i regionen i tråd med Fredrikstaderklæringa.