Mikhail Glinka
Utsjånad
Mikhail Glinka | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1804 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Novospasskoye, Smolensk | ||
Død | 15. februar 1857 (52 år) | ||
Dødsstad | St. Petersburg, Berlin | ||
Opphav | Det russiske imperiet | ||
Sjanger | opera, romanse, symfonisk musikk, kammermusikk | ||
Verka som | komponist | ||
Mor | Jaўgenіja Andrejeўna Glіnka-Ziamelka | ||
Far | Іvan Mіkalajevіtsj Glіnka | ||
Gift med | Maria Petrovna Ivanova |
Mikhail Glinka (1. juni 1804–15. februar 1857) var ein russisk komponist som ofte blir rekna som far til den russiske nasjonalromantiske musikken.
Glinka fann mykje inspirasjon i russisk folkemusikk. Han var sjølvlært, og derfor ikkje påverka av den sentraleuropeiske idealmusikken slik mellom anna Tsjaikovskjij var. Det musikalske arbeidet hans hadde stor innverknad på seinare komponistar, særleg «Dei mektige fem», som fortsette i det musikalske sporet han hadde skapt og skapte kunstmusikk med russisk ande.