Mikhail Vrubel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikhail Vrubel

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 5. mars 1856
Omsk
Død

1. april 1910 (54 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar, bilethoggar, grafikar, biletkunstnar
Språk russisk
Medlem av Det keiserlige russiske arkeologiske selskap
Ektefelle Nadezhda Zabela-Vrubel
Nettstad http://vrubel-world.ru
Mikhail Vrubel på Commons
Sjølvportrett, 1885

Mikhail Aleksandrovitsj Vrubel (russisk: Михаил Александрович Врубель) (17. mars 185614. april 1910) var ein russisk målar, bilethoggar, keramikar og scenograf i stilartane symbolisme og jugend.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vrubel var fødd i Omsk. Han studerte fyrst på universitetet i St. Petersburg, og deretter frå 1880 til 1884 på St. Petersburgs kunstakademi. Frå 1884 til 1889 budde han i Kiev, der han på oppdrag frå det lokale presteskapet laga fleire utkast til freskane i Volodymyrskatedralen. Utkasta vart forkasta, dei låg for langt unna tradisjonell kyrkjekunst. Samstundes tok han som målar del i restaureringa og utfyllinga av freskane i Kyrillkyrkja.

1889 flytta Vrubel til Moskva, der han vart med i kunstnarkrinsen kring den russiske mesenen Mamontov. Han arbeidde også med teateroppsetjingar og illustrerte dessutan Mikhail Lermontovs dikt og Leo Tolstoj sitt verk Anna Karenina.

Flygande demon, 1896

Vrubels stil er kjenneteikna av dramatisk intensitet i fargebruken og skarp penselføring. Verka hans er prega av subjektive og mystiske førestillingar og allegoriar. I særleg grad gjeld dette hans illustrasjonar til Mikhail Lermontov sitt dikt Demonen. Desse illustrasjonane, ladda med djup pessimisme og uro, er hovudgrunnen til at han har vorte rekna som ein føregangsmann for symbolismen i russisk kunst.

Motiva til Vrubels verk sprang ut frå så vel russiske eventyr, tradisjonar og helteepos som frå klassisk, vestleg litteratur. Meir og meir søkte han sterke, psykologiske verkemiddel for å gripe tak i tilskodaren. Drag mot stor monumentalitet i verka hadde same føresetnadene. Heilt fram til han døydde vart Vrubel oppsøkt av mange elevar og etterfylgjarar.

Fallen demon, 1902

Vrubel vart sjuk av syfilis, og døde i St. Petersburg fire år etter han måla sitt siste bilete.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]