Mikkeller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fire flasker øl frå Mikkeller.

Mikkeller er eit dansk mikrobryggeri.

Bryggeriet vart grunnlagd av Mikkel Borg Bjergsø og Kristian Klarup Keller i 2006 og frå 2007 vart det drive av Borg Bjergsø åleine. Same år vart det kåra til årets danske mikrobryggeri av Danske Ølentusiaster.[1] Denne tittelen vann dei igjen i 2008.[2] I 2012 kom bryggeriet på 16. plass på rangeringa over dei beste bryggeria i verda på rankingsida RateBeer[3], etter å ha nådd ein 13. plass i 2010.[4]

Mikkeller er delvis eit såkalla nomadebryggeri, det vil seie at det ikkje eig eigne bryggerilokale, men leiger bryggeutstyr på andre bryggeri. Bryggeriet har brygga øl i blant anna Danmark, Noreg, Belgia, Storbritannia og USA. I Norge har dei brygga hos Nøgne Ø[5] og Lervig Aktiebryggeri.[6]

I 2010 opna «Mikkeller Bar» på Vesterbro i København. I mars 2013 blei Mikkeller sin andre ølbar, «Mikkeller & Friends», opna i StefansgadeNørrebro.[7] Dei har også varsla at dei vil opne ein bar i San Francisco i løpet av 2013.[8]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. PDF -Pressemelding fra Danske Ølentusiaster Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine. - Lese 9. juli 2013
  2. Årets Bryggeri 2008: Mikkeller - Beer Ticker. Lese 9. juli.
  3. Best Brewers In The World 2012 - RateBeer. Lese 9. juli 2013
  4. Best Brewers In The World 2010 - RateBeer. Lese 9. juli 2013
  5. Mikkeller Beer Geek Breakfast - RateBeer. Lese 9. juli 2013
  6. Mikkeller brygger med Lervig Arkivert 2013-10-29 ved Wayback Machine. - Lervik Aktiebryggeri. Lese 9. juli 2013
  7. WHAT’S ON Arkivert 2017-04-29 ved Wayback Machine. - Mikkeller. Lese 9. juli 2013
  8. Mikkeller opening a bar in San Francisco - Beer Pulse. Lese 9. juli 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]