Mikrofotometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit mikrofotometer er eit instrument som blir brukt for å måle lysgjennomgang i små område av ein fotografisk film. Instrumentet vert særskild nytta for fotometri i spektroskopien når ein skal avgjere styrken av dei einskilde spektrallinjene på grunnlag av svertinga av ein film. Filmen vert sett gjennom eit mikroskop, og det forstørra biletet av spektrallinjene blir registrert med fotocelle eller liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

mikrofotometer. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/mikrofotometer