Mikroglia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aktiverte mikroglia frå rottehjerne

Mikroglia er gliaseller som verkar som makrofagar i hjernen og er ein del av immunsystemet der. Mikroglia finst i kvilande og aktiverte stoder.[1]

Mikroglia kan aktiverast ved uynskte tilstandar i sentralnervesystemet, som skade. Når dei er aktiverte, kan dei sleppa ut ulike molekyl og vandra til problemstader. I den aktiverte stoda kan dei òg verka som makrofagar og eta andre seller, som bakteriar og seller som høyrer til i sentralnervesystemet. Dei kan òg fanga inn ulike molekyl og avfall. Kvilande mikroglia kan òg vandra kring og leita i omgjevnadene etter vanskar, og vert aktiverte om dei finn nokre.[1]

Mikroglia kan ha oppstått tidleg i utviklinga, og finst i so ulike organismar som pattedyr, igler, sniglar og krepsdyr. I blodigla finst kring 10 000 mikroglia og 400 nerveseller i kvar ganglie, slik at mikroglia er mykje meir talrike enn nerveseller i denne organismen.[2]

I ein studie av mus med ein demyeliniserande variant av eksperimentell autoimmun encefalomyelitt vart det funne at mikrogliasellene i demyeliniserte område ikkje såg ut til å ta aktivt del i demyeliniseringa ved byrjinga av sjukdomen, men berre tok opp avfall produsert av demyeliniserande monocyttavleidde makrofagar. Mikrogliasellene i desse områda hadde òg nedregulert stoffskifte.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kettenmann, H.; Hanisch, U.-K.; Noda, M.; Verkhratsky, A. (2011). «Physiology of Microglia». Physiological Reviews 91 (2): 461. PMID 21527731. doi:10.1152/physrev.00011.2010. 
  2. Biber, Knut; Owens, Trevor; Boddeke, Erik (2014). «What is microglia neurotoxicity (Not)?». Glia 62 (6): 841. PMID 24590682. doi:10.1002/glia.22654. 
  3. Yamasaki, Ryo; Lu, Haiyan; Butovsky, Oleg; Ohno, Nobuhiko; et al. (2014). «Differential roles of microglia and monocytes in the inflamed central nervous system». The Journal of Experimental Medicine 211 (8): 1533–49. PMC 4113947. PMID 25002752. doi:10.1084/jem.20132477. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.