Mikrogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikrogram er ei SI-avleia eining for måling av masse. Symbolet for mikrogram er µg. Eitt mikrogram er lik éin milliondel av eit gram, 10−6 gram, som er lik 10−9 kilogram.

Symbolet µ (Unicode-teikn U+00B5; HTML µ) er mikro-teiknet. Det er avleia frå den greske bokstaven μ (my). Symbolet «um» blir av og til brukt dersom µ (SI-prefikset) og μ (den greske bokstaven) ikkje er tilgjengeleg, til dømes på ei skrivemaskin.

Mikrogram er ei vanleg eining for måling av masse innan kjemi og farmasi. Mikrogram vert brukt for å oppgi mengder av vitamin og mineral i matvarer, ofte pr. 100 g vare.

1 mikrogram er lik:

Og motsett:

  • 1 nanogram = 0,001 mikrogram
  • 1 milligram = 1000 mikrogram


SI-systemet - Masse
Yoctogram << Zeptogram << Attogram << Femtogram << Pikogram << Nanogram << Mikrogram << Milligram << Centigram << Desigram << Gram << Dekagram << Hektogram << Kilogram << Megagram (Tonn) << Gigagram << Teragram << Petagram << Exagram << Zettagram << Yottagram