Mildred McDaniel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mildred McDaniel
Statsborgarskap USA
Fødd 4. november 1933
Atlanta
Død

30. september 2004 (70 år)
Pasadena

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956

Mildred Louise McDaniel, gift Singleton, (3. november 19335. oktober 2004), også kjend som Millie McDaniel, var ein USA-amerikansk høgdehoppar som vart olympisk meister i øvinga i 1956.

McDaniel, som var frå Atlanta i delstaten Georgia, vart USA-meister i høgdehopp i 1953, 1955 og 1956. I 1955 vann ho høgdetevlinga i dei panamerikanske leikane i Mexico-byen med eit hopp på 1,68 meter.

Høgdepunktet for McDaniel kom 1. desember 1956 då ho i finalen under Sommar-OL 1956 i Melbourne i sitt andre forsøk på verdsrekordhøgda 1,76 meter tok seg over lista. Dermed vann ho den olympiske gullmedaljen framom favoritten Thelma Hopkins frå Storbritannia.

McDaniel-Singelton døydde i Pasadena i California, der ho hadde arbeidd som gymnastikklærar sidan 1958.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]