Thelma Hopkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thelma Hopkins
Fødd 16. mars 1936
Kingston upon Hull

Thelma Elizabeth Hopkins (fødd 16. mars 1936) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar fødd i Kingston upon Hull som vart europameister i høgdehopp i 1954.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hopkins, som voks opp i Belfast og tevla for Nord-Irland i samveldeleikane, deltok både i høgdehopp og lengdehopp. Under sommarleikane 1952 i Helsingfors vart ho nummer fire i høgdetevlinga. To år seinare vann ho gullmedaljen i høgdehopp i friidretts-EM 1954 i Bern, etter å ha gått over 1,67 m som einaste deltakar.

Den 5. mai 1956 sette Hopkins ny verdsrekord i høgdehopp med 1,74 meter i Belfast, dermed sletta ho den nærpå to år gamle rekorden til Aleksandra Tsjudina frå Sovjetunionen. Rekorden til Hopkins stod i berre ti veker. Den 14. juli 1956 sette Iolanda Balaș frå Romania ny verdsrekord i Bucureşti.

Hopkins fekk ein sølvmedalje under dei olympiske sommarleikane i Melbourne hausten 1956, ein sølvmedalje ho delte med Maria Pisareva frå Sovjetunionen. Med 1,67 m var dei sjansjelause mot Mildred McDaniel frå USA som sette ny verdsrekord med 1,76 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]