Milestolpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Milestein i Motala kommune i Sverige, reist i 1772.

Ein milestein, milestolpe eller milepåle er eit gammalt vegmerke. Dei har opphav i miliaria, steinsylindrar som var sette opp langs dei viktigaste romarvegane og oppgav avstanden til Roma eller næraste større by.[1] Ordet milestein vert ofte nytta i dag som eit delmål i eit større prosjekt, eller ei viktig hending, til dømes eit vendepunkt.[2] Ettersom metriske måleeiningar har tatt over for mila, kan ein òg nytte ordet kilometerstein.

Kilometerstein ved Dammer Berge i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nationalencyklopedin, på internet, henta 26. april 2011, oppslagsord: milstolpe
  2. «milestolpe» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Milestolpe
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.