Motala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 58°32′13.510″N 15°1′50.412″E

Charlottenborgs slott og Motala kyrkje. Frå Suecia antiqua et hodierna

Motala er ein svensk by som ligg i Östergötlands län i Östergötland. Han er administrasjonssenter i Motala kommun, og i 2011 hadde byen 29 824 innbyggjarar.

Byen ligg ved elva Motala som renn ut frå Vättern i retning av Austersjøen. Han er òg ein sentralt stad for Göta kanal, som blei bygd i 1810-åra. Kanalen renn parallelt med elva Motala, og held fram i vest ved Karlsborg i Västergötland. Byen er ein utprega industriby med verkstadindustri. Motala Verkstad vart grunnlagd i 1822, i samband med bygginga av kanalen og er det første mekaniske verkstaden i Sverige, og omtalt mellom anna i Jules Verne sine SF-romanar. Annan industri i byen er våpenindustrik, produksjon av elektriske hushaldningsartiklar, forbrukarelektronikk og meir. Den svenske radio- og TV-produsenten Luxor AB hadde fabrikkane sine i Motala.

Motala var kjend som tingstad alt i mellomalderen, men voks fram som tettstad etter at Motala Verkstad og hovudadministrasjonen for Göta Kanal-selskapet vart lagt her i 1820-åra. Sør for sentrum ligg Motala radio, ein av dei første kringkastingssendarane i Sverige. Langbølgjesendaren til Sveriges Radio vart bygd i 1925 på 191 kHz. Byen ligg nemleg på midten av ei rett linje mellom Stockholm og Göteborg, 250 km frå begge, sendaren dekte derfor ein størst mogeleg del av folkesetnaden i Sverige frå eitt punkt. Sendaren er i dag eit radiomuseum.

Ved kanalen er grava til kanalbyggaren Baltzar von Platen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]