Militær etterretning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Militær etterretning er ei form for etterretning som fokuserer på innsamling, kontroll og formidling av informasjon om potensielle eller mogelege fiendtlege avdelingar, terreng og vêrforhold i operasjonsområda.

Dei fleste forsvarsorganisasjonane i verda har eigne avdelingar som driv militær etterretning. I Noreg driv spesielt Etterretningstenesta, Forsvarets militærgeografiske teneste, Etterretningsbataljonen, Forsvarets spesialkommando, Hærens jegerkommando, Marinejegerkommandoen, Kystjegerkommandoen, F/S «Marjata» og 717-skvadronen med militær etterretning. På tross av det er militær etterretning ei oppgåve som alle militære avdelingar har.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.