Millstätter See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Millstätter See
innsjø
Land  Austerrike
Tilsig Riegerbach
Nedslagsfelt 280 km²
Høgd over havet 588 moh.
Lengd 12 km
Breidd 1,8 km
Areal 13 km²
Middeldjupn 89 m
Største djupn 142 m
Volum 1,205 km³
Koordinatar 46°48′N 13°36′E
Byar Seeboden, Millstatt, Döbriach
Kart
Millstätter See
46°47′42″ N 13°34′47″ E
Wikimedia Commons: Millstätter See

Millstätter See er ein innsjø Kärnten i Austerrike nordaust for den vesle byen Spittal an der Drau. Han er om lag 12 kilometer lang og opp til 1,8 kilometer brei. På det djupaste er han 142 meter, og kan nå temperaturar på 25 °C om sommaren. Dermed er innsjøen ein av dei varmaste innsjøane i Austerrike, og årsaka er vatn som kjem frå varme kjelder i innsjøen.

Innsjøen var danna av ein isbre under siste istid, og spora etter isbreen er tydeleg på begge sider av innsjøen. Fjella like nord for innsjøen strekkjer seg opp til 2000 meter over havet, og i sør opp mot 900 m.

Namnet kjem frå landsbyen Millstatt som ligg like ved innsjøen.

Landsbyen Millstatt