Milt Campbell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milt Campbell
Statsborgarskap USA
Fødd 9. desember 1933
Plainfield
Død

2. november 2012 (78 år)
Gainesville

Yrke friidrettsutøvar, amerikansk fotball-spelar, judoka
Høgd 190 centimeter

Milton Gray Campbell, kjend som Milt Campbell, (9. desember 19332. november 2012) var ein USA-amerikansk idrettsutøvar som vart olympisk meister i tikamp.

Campbell, som var frå Plainfield i New Jersey, var ein allsidig idrettsmann. Allereie i yngre år utmerka han seg i friidrett og symjing. Som student ved Indiana University i Bloomington kvalifiserte han seg til Sommar-OL 1952 i Helsinki. I den finske hovudstaden sikra han seg sølvmedaljen i tikampen, bak sin fullstendig suverene landsmann Bob Mathias.

Fire år etter Helsinki-OL vann Campbell tikamp-øvinga i Melbourne-OL med 7 937 poeng, nesten 1000 poeng over det han oppnådde i 1952. Landsmannen Rafer Johnson fekk sølvmedaljen med nøyaktig 350 færre poeng enn Campbell.

I 1957 spelte Campbell amerikansk fotball for Cleveland Browns. Sidan spelte han kanadisk fotball fram til 1964.

Campbell døydde i Gainesville i delstaten Georgia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]