Rafer Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rafer Johnson

Rafer Johnson 1960.jpg

Statsborgarskap USA
Fødd 18. august 1934
Hillsboro
Død

2. desember 2020 (86 år)
Sherman Oaks

Idrett friidrett, korgball
Tok del i

athletics at the 1960 Summer Olympics – men's decathlon, Friidrett under Sommar-OL 1956

Utmerkingar

California Hall of Fame, Theodore Roosevelt Award, California Hall of Fame, Associated Press Athlete of the Year

Rafer Lewis Johnson (18. august 19352. desember 2020) var ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Hillsboro i delstaten Texas. Han vart olympisk meister i tikamp i 1960, fire år etter han tok sølvmedaljen i den tilsvarande tevlinga under Sommar-OL 1956.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rafer Johnson i Roma i 1960

Johnson deltok fyrste gongen i ei tikamp-tevling i 1954.Ii mars 1955 vann han tikampen ved dei panamerikanske leikane i Mexico-byen, framom landsmannen Bob Richards. Tre månader seinare, i sin fjerde tikamp, sette Johnson ny verdsrekord då han i Kingsburg i California sanka 7 985 poeng, 96 fleire enn Bob Mathias hadde makta. Verdsrekorden hans stod i nær tre år. Sommaren 1956 vann Johnson USA-meisterskapen i Crawfordsville med 199 poeng til gode på Milt Campbell. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne sist i november var Johnson hemja av ein kneskade. Likevel sikra han seg sølvmedaljen i tikampen, slått med 350 poeng av landsmannen Campbell.

Kneskaden gjorde at Johnson stod over 1957-sesongen. Den 28. juli 1958 tok han tilbake verdsrekorden under landskampen Sovjetunionen – USA i Moskva, der han med 8 302 poeng forbetra verdsrekorden med nærare 300 poeng. Samstundes som han sletta den ferske, 6 veker gamle rekorden til Vasilij D. Kuznetsov, vann han klart mot same Kuznetsov. I mai 1959 tok likevel Kuznetsov tilbake rekorden då han oppnådde 8 357 poeng under eit stemne i Moskva. Johnson var ikkje aktiv i 1959, etter som han vart skadd i ryggen i ei bilulykke.

I sin siste sesong, OL-sesongen 1960, tok Johnson tilbake verdsrekorden i tikamp. I AAU-meisterskapen i Eugene i delstaten Oregon den 8. og 9. juli 1960 presterte han å plukke heile 8 683 poeng (7 982 etter dagens tabell). Høgdepunktet kom likevel to månader seinare, den 5./6. september i Roma. Etter ei jamn olympisk tevling mot treningskollegaen, Yang Chuan-Kwang frå Taiwan, vann Johnson den olympiske gullmedaljen med ein margin på 58 poeng. Den same Yang sletta Johnson sin verdsrekord våren 1963.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1956 i Melbourne: Sølvmedalje – 7 87 poeng, bakom Milt Campbell (7 937)
  • OL 1960 i Roma: Gullmedalje – 8 392 poeng, framom Yang Chuan-Kwang (8 334)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]