Minar-e-Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minar-e-Pakistan
مینارِ پاکستان
Minar e Pakistan.jpg
StadLahore i Punjab i Pakistan
ArkitektNasreddin Murat-Khan
Påbegynt23. mars 1960
Opna21. oktober 1968
Høgd62 m

Minar-e-Pakistan (مینارِ پاکستان) er eit tårn som er eit offentleg monument i Lahore i Pakistan, like utanfor gamlebyen innanfor bymuren..[1] Tårnet blei bygd i 1960-åra på staden der All-India Muslim League vedtok Lahore-resolusjonen den 23. mars 1940. Dette var den første offentlege oppfordringa om ein separat og sjølvstendig stat for muslimar frå Britisk India.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Tårnet er inspirert av mogularkitektur og moderne arkitektur. Det stod ferdig den 21. oktober 1968.

Tårnet blei utforma og bygd av Nasreddin Murat-Khan, ein arkitekt og ingeniør frå Punjab (opphavleg frå Kaukasus).[2] Grunnsteinen blei lagd 23. mars 1960. Bygginga tok åtte år kosta rundt 7 millionar rupiar. Pengane blei samla inn gjennom ein ekstraskatt på billettar til kino og hesteveddeløp innført av guvernøren for Vest-Pakistan, Akhtar Hussain.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Tårnet står på ein base som er rundt 8 meter over bakken. Frå denne stig det rundt 62 meter. Totalt når tårnet ei høgd på rundt 70 meter over bakken. Det har ein diameter på rundt 9,75 meter.

Basen er forma som ein blome med kronblad som er rundt 9 meter høge. Podiet er dekorert med mønstra fliser, og vend mot [Badshahimoskeen]]. Det har fire nivå. Det nedste symboliserer dei tronge kåra til sjølvstendekampeen i byrjinga, og er laga av røffe steinar frå Taxila. Det andre nivået er laga av steinar hogde til med hammar, medan det tredje nivået har meisla stein. Det siste og fjerde nivået er laga med polert kvit marmor, og symboliserer suksessen til Pakistan-rørsla.[3]

Innskrifter[endre | endre wikiteksten]

Basen har innskrifter på ti plakettar av kvit marmor. Innskriftene inneheld teksten til Lahore-resolusjonen på urdu, bengali og engelsk, i tillegg til Delhi-resolusjone frå 9. april 1946. På andre plakettar finn ein Koranenkoranvers og dei 99 namna for Allah med arabisk kalligrafi, den pakistanske nasjonalsongen Qaumi Tarana på urdu og bengali, utdrag frå talar av Muhammad Ali Jinnah på urdu, bengali og engelsk, og nokre vers av Allama Iqbal.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Minar-e-Pakistan er omgjeve av parkområde med fontener og ein kunstig innsjø. Vitjande kan klatra opp trapper til toppen av tårnet, eller ta ein heis.

Det har vore åstad for fleire demonstrasjonar.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Google maps. «Address of Minar-e-Pakistan». Google maps. Henta 23 September 2013. 
  2. Meral Murat Khan. «Remembrance: The man behind the masterpiece». Dawn. Henta 5. desember 2012. 
  3. 3,0 3,1 Amna Jamal (2002) The Pakistan Day memorial. Dawn. 23. mars 2002. Henta 12. februar 2008
  4. «PTI to stage rally at Minar-e-Pakistan today». The News International. 23. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Minar-e-Pakistan