Panjab i Pakistan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Panjab, Punjab, پنجاب
Geografisk plassering

Delstat i Pakistan

Hovudstad Lahore
Flatevidd

 - Rangering i Pakistan

205 344 km²

2..

Folketal (2000)

 - Rangering i Pakistan
 - Folketettleik

79 429 701

15th.
387/km²

Grunnlagd 1. juli 1970
Offisielle språk panjabi (lokalspråk), urdu (nasjonalspråk)
Guvernør
Øvste minister
Chaudhary Muhammad Sarwar
Mian Shahbaz Sharif
Nettstad www.punjab.gov.pk

Panjab er den folkerikaste og tettast folkesette provinsen i Pakistan. Han ligg aust i landet, og utgjer størsteparten av det tidlegare riket Panjab. Den andre delen høyrer til India. Panjab grensar til Sindh i sør, Balochistan og Khyber Pakhtunkhwa i vest, Asad Jammu og Kashmir og Islamabad i nord, og dei indiske delstatane Panjab og Rajasthan i aust. Lahore er provinshovudstaden og den største byen, og ligg aust i provinsen.[1]

Panjab har ei flatevidd på 205 344 km².[2] Han er den andre største av dei fire regionane som utgjer Pakistan, etter Balutsjistan.[1] Dei største talespråka i provinsen er panjabi, urdu og saraiki. Dei viktigaste skriftspråka er urdu og deretter engelsk.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Wan Bhatsjran i Panjab. Plantane får vatn frå ein kanal.

I sør og aust består provinsen av sletteland rundt Indus og bielvene hennar.[2] Dei fem elvane som har gjeve namn til Panjab - Beas, Ravi, Chenab, Sutlej og Jhelum - er alle bielver til Indus.[1]

Mot nord går slettelandet over i eit bakkelandskap, som lengst i nordaust hever seg som eit forland til Himalaya. Panjab har også store ørkenområder - i søraust når landskapet inn i ørkenen Thar, og mellom elvene Indus og Jhelum ligg ørkenen Thal.[2]

Provinsen ligg i grenseområdet for monsunklimaet,[1] og har lite nedbør, bortsett frå lengst i nord.[2] Temperaturskilandane mellom sommar og vinter og mellom dag og natt er store.[2] Middeltemperaturen i sletteområda ligg på over 30 grader om sommaren men berre litt over 10 grader om vinteren.[1]

Dei gjev grunnlaget for eit fruktbart område som er storprodusent av kveite og bomull. Jordbruk er den viktigaste næringsvegen i provinsen. Panjab har likevel meir industri enn mange andre område i Pakistan, med produksjonav tekstilar, næringsmiddel, metall, maskinar og produkt som syklar, rickshawar, kirurgiske instrument og brunevarer.[1]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Abbasimoskeen sett frå Derawar-festningen.

Viktige byar i provinsen er Bahawalpur, Faisalabad, Gujranwala, provinshovudstad og største by Lahore, Multan, Rawalpindi, Gujranwala, Rabwah, Sialkot og Taxila.

Over 99 % av innbyggjarane i pakistansk Panjab er muslimar, dei fleste sunni. Sufisme står sterkt her. Området har også små grupper parsarar, bahaiar, kristne, sikhar og hinduar. I provinsen finst fleire viktige stader for sikhane, mellom anna fødestaden til religionsstiftaren Guru Nanak, i Nankana Sahib.

Dei største folkegruppene (kastar) i provinsen er djat, radjput, arain, gudjar og awan.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Punjab», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online., 2016, http://www.britannica.com/place/Punjab-province-Pakistan, henta 5. mai 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Punjab – provins i Pakistan», Store norske leksikon, 10. desember 2012, https://snl.no/Punjab%2Fprovins_i_Pakistan, henta 5. mai 2016