Minerva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minerva

Identifisert medAtene, Senuna, Belisama, Sulis
MorMetis
FarJupiter

Minerva er ei gudinne i romersk mytologi som er knytt til visdom og krigføring og i tillegg kunst, handel, lærdom og handverk.[1] Ho blir ofte framstilt saman med ei ugle ('Minervas ugle'). Motstykket hennar i den greske mytologien er Atene.[2] I romersk mytologi var tilknytinga hennar til krigføring tona ned i høve til det greske motstykket hennar. Ho var heller ikkje knytt til vald slik som Mars, men til strategisk krigføring.[3] Minerva er ein av tre guddommar i Den kapitolinske triaden, i lag med Jupiter og Juno.

I etruskisk mytologi blir ho kalla Menrva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Candau, Francisco J. Cevallos (1994). Coded Encounters: Writing, Gender, and Ethnicity in Colonial Latin America. University of Massachusetts Press. s. 215. ISBN 0-87023-886-8. 
  2. Larousse Desk Reference Encyclopedia, Book People, Haydock, 1995, p. 215.
  3. Bulfinch, Thomas. (2010). The Age of Fable, or Stories of Gods and Heroes. Neeland Media LLC. ISBN 978-1-59625-257-8. OCLC 1028955021.