Juno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juno Sospita, kopi ved Pusjkinmuseet i Moskva, basert på ein originalstatue ved Vatikanmusea.

Juno var den høgaste gudinna i romersk mytologi.[1] Ho var dotter av Saturn og syster og make til hovudguden Jupiter. Ho var mor til Mars, Minerva og Vulkan. Romarane rekna henne som verna og særleg rådgjevar for den romerske staten. Den greske gudinna som svarte til henne var Hera.

Som verna av Roma og Romarriket blei ho kalla Regina ('dronning'). Saman med Jupiter og Minerva blei ho dyrka som ei treeining i tempelet på Kapitolhøgda i Roma, kapitoltriaden, som Juno Capitolina.

Kvart år blei Juno feira den første dagen i mars månad av kvinnene i ein som blei kalla matronalia. Denne dagen ofra ein lam og krøtter til ære for hennen. Ein annan festival kalla nonae caprotinæ, «nones (kanskje halvmånen) av villfiken», blei halden den 7. juli. Juno var verna for ekteskapet, og mange romarar meinte at ein god månad å gifta seg i var juni, månaden som var kalla opp etter henne. Lucina var eit anna epitet for gudinna og hadde tydinga «ho som fører barna til lyset», altså ei jordmorrolle.

Krigsaspektet til Juno er tydeleg i kleda og utstyret hennar. Ho blei ofte framstilt væpna og med ei kappe av geiteskinn, dette siste var klede som blei nytta av romerske soldatar på hærtokt. Krigsaspektet hennar var overtatt frå den greske gudinne Atene, som bar eit geiteskinnskjold kalla aegis.

Oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

Juno har gitt namn til ein asteroide, 3 Juno, og romsonden Juno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Juno». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 9. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Juno