Miniubåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Miniubåtar er små ubåtar som anten er ubåtar i miniatyr, eller forma som torpedoar med sal, sitjeplass eller førarhus.

Små ubåtar har vore brukt som krigsverktøy frå andre verdskrigen av, då alle stormakter tok dei i bruk. Bemanninga har variert frå fire til to mann, avhengig av storleik på farkosten. Dagens farkostar kan bemannast med dykkarar i froskemannsliknande utstyr, men er oftast umanna og berekna til større djup enn ein vil risikera dykkarar på.

Dei første teikningane til det vi kan kalla miniubåtar, dukka allereie opp i Napoleonskrigane, då Robert Fulton prøvde å selja ideen først til franskmennene, og sidan til den britiske marinen utan avsetning. Ein halvmodell finst i dag på hamna i Cherbourg.

Miniubåtane under verdskrigen hadde avgrensa rekkjevidd, og var avhengig av å tauast til nær målet. Dei var utstyrt med framdrift, ekstra oppdriftsgass, styring opp, ned og sidelengs – og ei sprengladining som måtte førast nær, helst på, målet for å verka. Dei var òg utstyrt med klippeverktøy for å trenga gjennom torpedonett. Dei var mest berekna på å dykka berre få meter under vassflata.

Kategoriar og typar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av «Chariot Mark 1», britisk to-miniubåten til mann (frå den andre verdskrigen) som høyrer til kategoriane wet sub og «bemanna torpedo».
Motorised Submersible Canoe (MSC). Dei første vart bygd under den andre verdskrigen, og var britiske. Retningskontroll var vanskeleg.
Ko-hyoteki-klassa type A miniubåt; tilhøyrde Japan; denne typen deltok i angrepet på Pearl Harbour
Ein ubåt av Biber-typen som i dag står på Technikmuseum Speyer, Tyskland. Seks andre finst enno, kor ein i Noreg.[1]
  • [«våt ubåt»-kategorien] wet sub:[2] Våte dykkardrakter er standard, fordi mannskap har vanlegvis på seg dykkardrakt, og mannskapet sit i eit førarhus som vert fylt med vatn (under havoverflata) eller sitteplassen er på utsida av skroget til fartøyet. Ubåttypen «Bemanna torpedo» høyrer til kategorien.
  • Motorised Submersible Canoe (MSC; «motorisert undervatn sitt-kano»; dets form kan minna om ein kajakk eller kano. Kallenamnet var Sleeping Beauty - Tornerose)

Fartøy der mannskap vanlegvis ikkje har dykkardrakt[endre | endre wikiteksten]

  • Biber (norsk: bever) var ein tysk type frå den andre verdskrigen. Vekt: 5,7 tonn[3]
  • Fjernstyrt undervassfarkost: Dagens umanna farkostar går under nemninga ROV. Dei tidlegaste utgåvene vart sloppen ned og teke opp med kabel festa til seg, medan nyare utgåver gjerne er 100 % fjernstyrt, og utstyrt med kamera og manipulatorar tilpassa kva for eit oppdrag dei er i gang med. Sidan dei er umanna, har ein gjeve avkall på den akvadynamiske utforminga ein finn hos bemanna farkostar, som òg vert større på grunn av utstyr som er naudsynt for folk og tryggleik.

Kjende angrep[endre | endre wikiteksten]

MK «Arthur» slepte med seg to Chariot-miniubåtar frå Shetland og langt inn i Trondhjemsfjorden i eit forsøk på å senka slagskipet «Tirpitz».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkivert 17. september 2016 på Wayback Machine.
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. september 2016. Henta 8. september 2016. 
  3. Kemp, Paul (1996). Underwater Warriors. London, Melbourne: Arms & Armour Press. ISBN 1-85409-228-6.