Minna Canth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minna Canth
MinnaCanth.jpg
Fødenamn Ulrika Wilhelmina Johnson
Fødd 19. mars 1844
Tammerfors
Død

12. mai 1897
Kuopio

Yrke skribent, journalist, skodespelforfattar, forretningsdrivande
Sjanger novelle
Ektefelle Johan Ferdinand Canth
Minna Canth på Commons
Minna Canths grav i Kuopio.

Minna Canth (fødd 19. mars 1844 i Tammerfors som Ulrika Wilhelmina Johnson, daud 12. mai 1897 i Kuopio)[1] var ein finsk forfattar, dramatikar og kvinnesaksforkjempar. Ho var ein av dei meste kjende forfattarane i den finske realismen på 1880-talet og 1890-talet, og skreiv drama, noveller og romanar. Ho var ein av dei første som skreiv dramatikk på finsk etter Aleksis Kivi, og den første finskspråklege kvinnelege journalisten.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Minna Canth var fødd i 1844 i Tammerfors som Ulrika Wilhelmina Johnson, og familien flytta til Kuopio i 1853.

I 1865 gifta ho seg med Johan Ferdinand Canth, som var lærar i Jyväskylä. Etter at han døydde i 1879 flytta ho attende til Kuopio og byrja å skriva.

Forfattar og salongvertinne[endre | endre wikiteksten]

Kring Canth oppstod ein litterær salong, som samla unge forfattarar og kunstnarar som Karl August Tavaststjerna, Jean Sibelius og Akseli Gallen-Kallela.[2]

Canth skreiv mest på finsk, men òg på svensk. Dei mest kjende verka hennar er Työmiehen vaimo ('Arbeidarhustrua', drama, 1885), Hanna (roman, 1886), Salakari ('Blindskjær', roman, 1887), Kauppa-Lopo (novelle, 1889), Papin perhe ('Familien til presten', drama, 1891), Sylvi (drama, skrive på svensk, 1893) og Anna Liisa (drama, 1895).

Stilistisk skreiv ho europeisk realisme med innverknad av Georg Brandes sin litterære teori. Ho kritiserte problem i det finske samfunnet, spesielt saker knytt til kvinna si stilling.[2]

Minna Canth døydde 53 år gammal i 1897.[1] Sidan 2007 har fødselsdagn hennar den 19. mars vore flaggdag i Finland.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Minna Canth 1844-1897» (finsk). minnacanth.kuopio.fi. Arkivert frå originalen 2014-06-24. Henta 17. mai 2014. 
  2. 2,0 2,1 Krogerus, Tellervo. «Canth, Minna (1844 - 1897)» (finsk). Kansallisbiografia, Suomalaisen Kirjallisuuden Seura. Henta 17. mai 2014.