Kuopio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuopio
Land  Finland
Areal 3 241,74 km²
Folketal 124 131 (29. februar 2024)[1]
Kart
Kuopio
62°53′33″N 27°40′42″E / 62.8925°N 27.678333333333°E / 62.8925; 27.678333333333
Wikimedia Commons: Kuopio

Kuopio er ein by og ein kommune i Finland, i landskapet Norra Savolax. Kuopio er den åttande folkerikaste byen i Finland, med vel 97 000 ibuarar. Byen har eit samla areal på 2 317 km², etter at Karttula kommune var ein del av bykommunen frå 1. januar 2011.

Kuopio er omgjeven av innsjøen Kallavesi, og fleire delar av byen er bygde på øyar.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Kuopio er frå 1882-86

Kuopio vart grunnlagd i 1653 av den finske riksdrotten Per Brahe, men den offisielle grunnleggjingsdatoen er 17. november 1775, då den svenske kongen Gustav III av Sverige gav staden fulle byrettar.

Gjennom perioden 1809–1917 vart Kuopio utvikla til ein skule- og kulturstad.

Næring[endre | endre wikiteksten]

40 prosent av arbeidsstokken arbeider i offentleg sektor, 17 prosent i finansnæringar, 16 prosent innan handel- og hotellnæring, 12 prosent med tillverknad, el- og vassforsyning, 7 prosent i transportnæringar, 6 prosent i bygg og anlegg og 2 prosent med jord- og skogbruk.

Kuopio universitet vart grunnlagt i 1966 har om lag 6000 studentar spreidd på fem fakultet.

Erkebiskopen i den ortodokse kyrkja i Finland har setet sitt i Kuopio, til liks med ein av biskopane i den Evangelisk-lutherska kyrkan i Finland.

Kjende folk frå Kuopio[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Finland's preliminary population figure was 5,608,218 at the end of February 2024».