Mispel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mispel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Mispel Cotoneaster
Medik., 1789

Mispel er ei planteslekt med drygt 260 artar. Somme er vintergrøne medan andre fell lauva om hausten. Mispel er busker sjølv om dei legg seg som matter mot marka. Andre artar veks som meir eller mindre høge busker eller dei tek form10-12 cm. Dei kan vere blanke eller matte, dunhåra eller glatte, og dei sit strødd langs greinene. Blomstrane sit einslege eller i klasar og har fem kronblad som enten står rett opp eller ligg utover. Frukta er bær med kjøtaktig innhald, fargane i ulike nyansar av raudt, rosa, oransje, burgunder eller svart.

Cotoneaster acuminatus med raude bær.

Det latinske namnet Cotoneaster vart først brukt av Conrad Gesner kring 1577. Namnet kjem frå det greske ordet kydonion, som tyder kvede, og aster, som tyder vill. Alle artane er apomiktiske; dvs dei formeirer seg kjønnslaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]