Messebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Missale)
Ei side frå Sherbrooke Missal, eit illuminert manuskript laga på byrjinga av 1300-talet i East Anglia.

Messebok er ei bok som inneheld tekst og instruksjonar for å halda messe gjennom kyrkjeåret. Det latinske namnet for ei slik bok er missale, og dette viser særleg til katolske messebøker.

Utvikling i ulike kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Det noverande katolske missalet, Missale Romanum, er frå 1969. Det offisielle missalet er på latin, men det er blitt omsett til ei rekkje relevante språk.[1] Missalet blei laga etter at liturgien blei revidert ved Det andre vatikankonsilet, og inneheldt store endringar frå det førre, som var frå 1570.[2]

Den norske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Missale Nidrosiense er ei messebok trykka i 1519 for bruk i Noreg. Ho var redigert av Olav Engelbrektsson. Saman med prestehandboka Breviarium Nidrosiense er ho den første trykka norske boka. Dei to bøkene var utgangspunkt for gudstenestene i landet fram til reformasjonen.[3]

Etter reformasjonen

Messeboka for Den norske kyrkja som kom ut i 1925 under namnet Graduale, inneheldt berre dei ledda i gudstenesta og dei kyrkjelege handlingane som kunne messast og kyrkjelyden sine svar til desse.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det nye romerske missalet endelig ferdig», Den katolske kirke (på norsk), henta 13. august 2019 
  2. «missale». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018. 
  3. «Norges to første trykk: Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense 1519». Kulturrådet. Henta 15. august 2019. 
  4. «messebok». Store norske leksikon (på norsk). 8. februar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]