Mitsubishi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logoen til Mitsubishi.

Mitsubishi Group ([[japansk 三菱グループ, Mitsubishi Gurūpu) er ei gruppe sjølvstyrande japanske fleirnasjonale selskap. Gruppa dannar ei laus eining, Mitsubishi keiretsu, som er ei av dei seks store forretningskonglomerata i Japan. Dei største selskapa dannar ei samarbeidsgruppe, kinyokai, som har jamnlege møte.

Mitsubishi blei skipa som eit spedisjonsfirma i 1870, to år etter Meijirestaurasjonen. Grunnleggjaren var Yatarō Iwasaki (1834–1885). Namnet «mitsubishi» (三菱) er sett saman av mitsu, 'tre' og hishi, 'vasskastanje', som også kan visa til ei diamantform. Logoen til selskapet viser tre stiliserte vasskastanjer/diamantar. Namnet blei endra til Mitsubishi Shokai i 1873.

Mitsubishi er mellom anna kjend som bilprodusent gjennom Mitsubishi Motors. Gruppa eig også Nikon, kjemikalieprodusenten Mitsubishi Chemical Corporation, banken Mitsubishi Tōkyō UFJ Ginkō, glasprodusenten Asahi Glass Co. og Kirinbryggjeriet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne økonomiartikkelen som har med historie og Japan å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.