Mittelberg
Utsjånad
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a4/Riezlern-Kleinwalsertal.Dorfmitte.jpg/220px-Riezlern-Kleinwalsertal.Dorfmitte.jpg)
Mittelberg er ein kommune i distriktet Bregenz i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 96,9 km² med i kring 4 900 ibuarar i 2016. Både i nord og i aust grensar Mittelberg og dalføret Kleinwalsertal mot Tyskland og delstaten Bayern, dit alt ordinært samband går sidan kommunen ikkje har korkje veg- eller anna samband til resten av Austerrike.
Rådhuset i kommunen ligg i Riezlern, 1086 meter over havet. Elles omfattar kommunen landsbyane/grendene Hirschegg, Mittelberg og Baad.
Turismen er den dominerande næringa i Mittelberg.
Den austerriksk-vesttyske skirennaren Ludwig Leitner var frå Mittelberg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mittelberg (Vorarlberg)» frå Wikipedia på tysk, den 22. april 2016.