Mittelgebirge
Utsjånad
Mittelgebirge er åslandskapet i sentrale område av Tyskland – som i motsetnad til Alpane i sør – er prega av rolege, avrunda former utan spor etter iserosjon. Uttrykket vert òg nytta om enkeltåsar og høgdedrag i denne regionen med høgder på mellom 500 og 1500 m. Det høgaste fjellområdet i Mittelgebirge i Tyskland er Schwarzwald, medan Wiehengebirge er det nordlegaste.