Taunus
Taunus | |||
fjellkjede | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Hessen | ||
![]() Taunus 50°14′00″N 8°27′00″E / 50.23333333°N 8.45°E | |||
Wikimedia Commons: Taunus |

Taunus er ei fjellkjede i Hessen i Tyskland. Ho grensar til elvane Rhinen, Main og Lahn. På andre sida av Rhinen ligg held fjella fram som Hunsrück. Området dekkjer landkreisa Hochtaunuskreis, Main-Taunus, Rheingau-Taunus og Rhein-Lahn.
Det høgaste fjellet er Großer Feldberg (878 moh) (ikkje det same som Feldberg i Schwarzwald). Andre fjell er Kleiner Feldberg og Altkönig (798 m) med ruinane etter ei gamal bygdeborg frå seint i jernalderen (La-Tène A, om lag 400 fvt.) nær toppen.
Romarane bygde limes på tvers av Taunus. Saalburg, ein restaurert romersk castellum, er i dag eit museum. Etter at limes fall (i 259/260 evt.) slo alemannarar seg ned her, og ved foten i sør ligg det enkelte alemanniske gravstader. Området vart frankisk etter Slaget ved Tolbiac.


Høgaste fjell
[endre | endre wikiteksten]- Großer Feldberg (878 m), Hochtaunuskreis
- Kleiner Feldberg (825 m), Hochtaunuskreis
- Altkönig (798 m), Hochtaunuskreis
- Weilsberg (701 m), Hochtaunuskreis
- Glaskopf (685 m), Hochtaunuskreis
- Pferdskopf (663 m), Hochtaunuskreis
- Kalte Herberge (619 m), Rheingau-Taunus
- Hohe Wurzel (618 m), Rheingau-Taunus
- Hohe Kanzel (592 m), Rheingau-Taunus
- Erbacher Kopf (580 m), Rheingau-Taunus
- Kuhbett (526 m), Hochtaunuskreis ved (Weilrod-)Hasselbach
- Steinkopf (518 m), Hochtaunuskreis
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Taunus» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2007.