Mittersill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mittersill

Mittersill er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 132,0 km² og har i kring 5 400 ibuarar.

Byen ligg 790 meter over havet ved elva Salzach, om lag 25 km vest for distriktshovudstaden Zell am See. Sør-sørvest for byen reiser fjellkjeda Hohe Tauern seg.

Skifabrikken Blizzard Sport er ei av to store industriverksemder i Mittersill.

Under ein razzia i Mittersill hausten 1945 vart toneskaparen Anton Webern skoten av ein USA-amerikansk soldat i huset der han budde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]