Mizrahisk jødedom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mizrahisk jødedom er ei fellesnemning for dei tradisjonane av jødedommen som stammar frå området Midtausten, med hovudvekt på området frå Egypt til Irak og Den arabiske halvøya. Ein inkluderer gjerne òg persisk jødedom under samletermen mizrahisk jødedom, sjølv om denne tradisjonen har tydeleg sjølvstendige trekk. Rituelt sett har mizrahisk jødedom fellestrekk med både sefardisk jødedom og askenasisk jødedom, men blir ofte sett i samanheng med sefardisk jødedom på grunn av den sterke påverknaden derifrå frå seinmellomalderen av. I snever forstand inkluderer ikkje mizrahisk jødedom den jemenittiske jødedommen og dei lokale indiske tradisjonane blant bene Israel i Mumbai-området og cochini-jødedom i den indiske delstaten Kerala.

Den mizrahiske jødedommen i snever forstand følgjer den rituelle tradisjonen «‘edót hammizráh».

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.