Mjølketann

Mjølketann er tennene i det første tannsettet hos menneske og andre pattedyr. Alle pattedyr har såkalla difydont tannsett, det vil seie at ein skifter ut eit første tannsett (mjølketennene) til eit permanent tannsett som varar livet ut.

Mennesket har 20 mjølketenner; 8 framtenner, 4 hjørnetenner og 8 molarar (dei bakerste og kraftigaste jekslane). Tanndanninga og mesteparten av mineraliseringa går føre seg før fødselen. Ved 6-8 månaders alder kjem dei første framtennene fram og før treårsalderen har som regel alle mjølketennene kome.[1]
Mjølketennene blir felde for å gi plass til det permanente tannsettet. Dette skjer som regel i perioden 5–6 til 12–13 års alder hos menneske.[1] Det finst ulike ritual knytte til tannfellinga, til dømes tradisjonen med at «tannfea» erstattar den mista mjølketanna med eit pengestykke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Tenner hos barn», www.helsenorge.no (på norsk), 18. desember 2018, henta 24. august 2025