Mjømnesundet
Utsjånad
60°54′00″N 04°54′40″E / 60.90000°N 4.91111°E
| Mjømnesundet | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Gulen | ||
![]() Mjømnesundet 60°54′00″N 4°54′40″E / 60.9°N 4.911111°E | |||
Mjømnesundet er eit sund i Gulen kommune i Vestland. Det ligg mellom øyane Mjømna, Tyløyna og Nappsholmen i aust og Byrknesøyna, Svinøyna og Risøyna i vest. Sundet er om lag 8 kilometer langt og 0,3 til 1 kilometer breitt, og strekkjer seg frå Mjømnosen i nord til Leirøyholmen i sør.
Over sundet går Mjømnesundbrua, som vart opna i 1997. Brua går mellom Tyløyna og Byrknesøyna.
