Mjømna
| Mjømna | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sogn |
| Koordinatar | 60°54′50″N 04°56′07″E / 60.91389°N 4.93528°E |
| Areal | 10,2 km² |
| Høgaste punkt | Mjømnefjellet (194 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke Kommune | Vestland Gulen |
| Demografi | |
| Folketal | 60 (2001) |
| Folketettleik | 5,9 /km² |



Mjømna er ei øy i Gulen kommune i Vestland, og eit kyrkjesokn i Nordhordland prosti. Øya har eit areal på 10,2 km² og om lag 60 innbyggjarar.
Mjømna ligg mellom Byrknesøy i vest og Sandøy i aust. Fensfjorden ligg på sørsida. På nordsida av Mjømna ligg ei rekkje mindre øyar og holmar mellom øya og Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Fiskeoppdrett vart starta opp på 1980-talet. Mjømna Fiskeoppdrett AS var frå 1985 til 1989 ei verksemd på Mjømna. Kvernvågvatnet Klekkeri var frå 1985 til 1988 ei verksemd på Mjømna.
Mjømna sokn
[endre | endre wikiteksten]Mjømna kyrkjesokn femner den ytre delen av Gulen kommune. Soknekyrkje er Mjømna kyrkje som stod ferdigbygd i 1901. Mjømna sokn vart skild ut frå Gulen sokn ved kongeleg resolusjon 23. juni 1900.[2] Tidlegare hadde folket ytst i Gulen sokna til kyrkja i Eivindvik og det hadde for vore ei lang og ofte farleg kyrkjeferd dit for dei frå ytste øyene. I tillegg til kyrkja vest på Mjømna høyrer òg Byrknesøy kapell på Byrknes til soknet.
Mjømna delområde
[endre | endre wikiteksten]Mjømna er òg namnet på eit delområde i Gulen kommune. Det femner dei vestre øyene og fastlandet vestom Eidsfjorden. Ved folketeljinga i 2001 budde det 901 personar i delområdet, fordeld på 195 i Eidsbotn grunnkrins, 125 i Fivelsdal grunnkrins, 25 i Brandanger grunnkrins, 43 i Hisarøy grunnkrins, 41 i Hille grunnkrins, 128 i Mjømna grunnkrins og 344 i Byrknes grunnkrins.[3]
Samferdsel
[endre | endre wikiteksten]Fylkesveg 4 går over Mjømna. Mjømna har brusamband til Sandøya via Mjåsundbrua og til Byrknesøya via Mjømnesundbrua og Nappsundbrua.
I november 2010 vart fastlandssambandet til Ytre-Gulen fullført med opninga av Brandangersundet bru frå Fivelsdal på fastlandet til Sandøya. Sandøya, Mjømna og Byrknesøya vert såleis landfast og ferjestrekninga Leirvåg-Sløvåg-Skipavik vil berre trafikkere strekninga Leirvåg-Sløvåg.
Ekspressbåtane til Fjord1 har daglege anløp på Mjømna på sine ruter mellom Bergen og Sogn/Nordfjord.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for øya Mjømna:
| 1801[4] | 1900[5] | 2001 |
|---|---|---|
| 46 | 103 | ca. 60 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Mjømna kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1411 Gulen»
- ↑ Folketeljing 1801 for Eivindvik prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Gulen herred, frå Digitalarkivet