Mjosja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjosja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 4 180 km²
Lengd 204 km
Munning Kama
 - høgd 53 moh.
Kart
Mjosja
56°01′18″N 50°48′24″E / 56.0218°N 50.8068°E / 56.0218; 50.8068
Wikimedia Commons: Mosha River

Mjosja (russisk Мёша, tatarisk Мишә, Mişä) er ei elv i Tatarstan i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre. Elva er 204 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 180 km².

Mjosja har utspring i skogen nær landsbyen Jatmas-Dusaj i Kukmorskij rajon og munnar ut i Kuybysjev reservoaret vest for landsbyen Narmonka. Elva får vasstilførsel frå snø og reng, og frå november til april er elva vanlegvis dekt av is.

Dei største sideelvane hennar er Kazkasj, Vesle Mjosja, Tiamtibasj, Nyrsa, Nurminka og Sula. Den største vassføringa hennar er målt til 1400 m³/s (1979). Elva er regulert. Sidan 1978 har ho vorte verna som eit «naturleg monument i Tatarstan».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]