Tatarstan
| Tatarstan | |||
| Татарстан Татария | |||
| republikk | |||
|
|||
| Nasjonalsong: Tatarstans hymne | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Kazan | ||
| Areal | 67 847 km² | ||
| Folketal | 4 003 016 (2024) | ||
| Språk | russisk, tatarsk | ||
| Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
| Bilnummer | 16 | ||
![]() Tatarstan 55°33′00″N 50°56′00″E / 55.55°N 50.933333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Tatarstan | |||
Tatarstan[a] er ein republikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2021 hadde republikken 3 894 120 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Innlandet og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. Omtrent 16 % er skogkledd.
Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er –14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.
Republikken har store oljeressursar.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400).[2]
Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[2]
- Tatarar: 53,2 %
- Russarar: 39,7 %
- Tsjuvasjar: 3,1 %
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Rustam Minnikhanov», World Economic Forum (på engelsk), henta 23. oktober 2022
- 1 2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

