Moa Hjelmer
Hopp til navigering
Hopp til søk
Moa Hjelmer | |
![]() | |
Fødd | 19. juni 1990 (31 år) Stockholm |
Yrke | sprintar |
Moa Hjelmer på Commons |
Moa Elin Marianne Hjelmer (fødd 19. juni 1990) er ein svensk friidrettsutøvar frå Stockholm som i 2012 vart europameister på 400 meter under meisterskapen i Helsinki.
Den 13. august 2011 vann Hjelmer 400-meteren ved den svenske meisterskapen i Gävle med tida 51,58 sekundar, dermed sletta ho den 25 år gamle landsrekorden til Ann-Louise Skoglund. Under EM i friidrett 2012 forbetra Hjelmer rekorden til 51,40 i semfinaleløpet, før ho overraskande vann finalen på tida 51,13 sekundar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Moa Hjelmer» frå Wikipedia på tysk, den 17. august 2018.