Modell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framstilling av Kopernikus sin heliosentriske modell av verda.

Ein modell (av latin modulus, 'middel, mål, målestokk, skala') er ei framstilling av noko anna i forenkla eller forminska form.[1] Dette kan vera ein fysisk modell i form av ein gjenstand eller ei teoretisk framstilling. Ein kan ha modellar av bygningar, busetnader, fartøy, folk, organismar og anna. Ein modell kan visa utsjånaden til noko i mindre skala, demonstrera ein verkemåte eller prosess eller brukast til å føreseia kva som kan koma til å skje. Modellar kan brukast som leiketøy, samleobjekt, til framsyning eller forklaring på fleire ulike felt.

Innan biletkunst kan ein modell vera ei mindre, førebels utgåve av eit kunstverk eller noko ein etterliknar for å laga eit kunstverk. Personar kan posera som slike modellar.[1] Modellyrket går elles ut på å visa fram ei vare, særleg klede, for å freista folk til å kjøpa henne.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Persvold, Anja Zawadzka (26. februar 2020). «modell». Store norske leksikon (på norsk bokmål).