Modist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
La Modiste Sur Les Champs Elysees. Måleri frå 1880-åra av Jean Béraud.

Modist er ein fagutdanna person som har opplæring innan utforming, sying og montering av hattar, særleg damehattar, og andre hovudplagg.[1] Modistar kan også selja hattar. Tradisjonelt har omgrepet vist til einkvar motehandlar.[2] Ordet «modist» kjem frå fransk modiste, og er avleidd frå mode, 'mote'.[3]

Modistframstilte produkt skil seg mellom anna frå fabrikkframstilte gjennom at dei blir individuelt tilpassa kvar enkelt kunde. Modistar jobbar helst ved scenekunstinstitusjonar (som teater eller operascener) eller i eigne verkstader/butikkar.

I Noreg i dag høyrer utdanninga til dette yrket til utdanningsprogrammet design og handverk. Ein må gå to år på skule og to år i lære før ein kan ta svennebrev. Tidlegare måtte alle i tillegg til anna utdanning gå fire år i læretid hjå modist før ein kunne gå opp til svenneprøven. I den vidaregåande skulen lærer ein det første skuleåret (Vg1) om design og handverk, og i det andre skuleåret (Vg2) om design og tekstil.

Modistfaget er per 2016) med på Utdanningsdirektoratet si liste over små og verneverdige handverksfag. Dette inneber mellom anna at føretak innan faget får utvida støtte frå fylkeskommunen når dei tar inn nye lærlingar.[4] Frå 1. oktober 2015 til utgangen av september 2016 var det éin person som bestod prøven i faget.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «modist». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 24. oktober 2018. 
  2. «modist» i Nynorskordboka.
  3. «modist» i Det Norske Akademis ordbok
  4. Utdanningsdirektoratets informasjon om ordningen, arkivert frå originalen 10. juni 2016, henta 22. mars 2020