Mogens Wieth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mogens Wieth
Fødd 16. september 1919
København
Død

10. september 1962
London

Yrke skodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar

Mogens Wieth (16. september 191910. september 1962) var ein dansk skodespelar. Frå debuten i 1939 var han den unge hovudkrafta ved Det kongelige Teater, frå 1955 særleg ved Det Ny Teater, og var den største lyrisk-dramatiske skodespelaren i sin generasjon i dansk teater. Blant rollene hans var Shakespeare sin Othello, Peer Gynt og hovudrollen i Kjeld Abell sin Den blå pekingeser. Wieth gjesta 1952 Nationaltheatret i Oslo som Gregers Werle i Vildanden og Schubert i Jomfruburet. I 1953 spelte han Helmer i Et dukkehjem på engelsk i London, 1961 Niels Lykke i Fru Inger til Østråt i norsk fjernsyn.

Wieth var verksam både i dansk og internasjonal film og medverka mellom anna i Alfred Hitchcock sin The Man Who Knew Too Much (1956). Han var òg ein glimrande kabaretkunstnar. Han avslutta karrieren sin som ein meisterleg Higgins i My Fair Lady.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]