Moj svijet
Utsjånad
| Eurovision Song Contest 2014 | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Land | Montengro | ||||
| Artist(ar) | Sergej Ćetković | ||||
| Språk | Montenegrinsk | ||||
| Komponist(ar) | Sergej Ćetković | ||||
| Låtskrivar(ar) | Sergej Ćetković og Emina Jahović | ||||
| Resultat | |||||
| Semifinalepoeng | 63 | ||||
| Semifinaleplass | 7 | ||||
| Finalepoeng | 37 | ||||
| Finaleplass | 19 | ||||
| Montenegro i Eurovision Song Contest | |||||
|
|||||
Moj svijet (montenegrinsk Мој свијет, montenegrinsk for 'Mi verd') er ein singel av Sergej Ćetković, gjeven ut 9. mars 2014. Songen er skriven av Sergej Ćetković og Emina Jahović.
I november 2013 vart Sergej Ćetković vald internt av Radio televizija Crne Gore til å representere Montenegro i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. 9. mars 2014 vart songen, «Moj svijet», presentert i eit fjernsynsprogram med både ein montenegrinsk og engelsk versjon. Det vart seinare stadfesta at den montenegrinske versjonen ville verte brukt i tevlinga. Den montenegrinske versjonen vart skriven av Sergej Ćetković og Emina Jahović.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Montenegro: Sergej Ćetković premiered Moj Svijet, his entry for Copenhagen» (på engelsk). eurovisionary.com. 9. mars 2014. Henta 4. april 2014.
- «Watch: Sergej sings "Moj Svijet" for Montenegro» (på engelsk). Eurovision.tv. 9. mars 2014. Henta 4. april 2014.