Montenegrinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montenegrinsk
(crnogorski, црногорски)
Klassifisering: Balto-slavisk
 Slavisk
  Sør-slavisk
   Vestleg
    Serbokroatisk
     Sjtokavisk
      Neo-sjtokavisk
       Austleg herzegovinsk
Talarar: Montenegrinarar
Bruk
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Montenegro.svg Montenegro
Språkkodar
Område (farga blått) der eit fleirtal sa dei var montenegrinsk-talande i folketeljinga i Montenegro frå 2003.

Montenegrinsk er ei standardisert form av serbokroatisk som er offisielt språk i Montenegro. Det blir tala av montenegrinarar.

Montenegrinsk byggjer på den aust-herzegovinske dialekten av den mest utbreidde serbokroatiske varianten sjtokavisk, som også er grunnlag for standard kroatisk, serbisk og bosnisk.[1] Uttalen til montenegrinsk ligg nærare kroatisk enn serbisk. Dei ulike språka er gjensidig forståelege, men har ulik utviklingshistorie. Til dømes hadde montenegrinarane si eiga kyrkje fram til denne blei teken opp av den serbiske ortodokse kyrkja på 1920-talet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Serbian, Croatian, Bosnian, Or Montenegrin? Or Just 'Our Language'?, Radio Free Europe, February 21, 2009
  2. «Montenegro» (2011). Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.