Montenegro i Eurovision Song Contest
| |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Uttakingar | |||||
| Nasjonalt | 4 | ||||
| Internt | 8 | ||||
| Deltaking | |||||
| Debutår | 2007 | ||||
| Deltakingar | 12 | ||||
| Beste resultat | |||||
| Semifinalen | 7 (2014) | ||||
| Finalen | 13 (2015) | ||||
| Verste resultat | |||||
| Semifinalen | 22 (2007) | ||||
| Finalen | 19 (2014) | ||||
| Poeng | |||||
| Semifinalane | 516 | ||||
| Finalane | 81 | ||||
| Totalt | 597 | ||||
Montenegro debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke tolv gongar. Montenegro deltok tidlegare i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia, både som Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia frå 1961 til 1991 og Den føderale republikken Jugoslavia i 1992, og deretter Serbia og Montenegro i åra 2004-2006. Frå 2007 har Montenegro delteke som sjølvstendig nasjon. Sidan debuten har Montenegro berre kvalifisert seg til finalen to av tolv gongar, sist i 2015.[1]
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Montenegro var tidlegare ein del av Jugoslavia som deltok i Eurovision Song Contest frå 1961 til 1992. I 1991 lausreiv Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovina og dåverande Makedonia seg frå landet, og Serbia og Montenegro var i praksis dei einaste som deltok som Jugoslavia i Eurovision Song Contest i 1992. Året etter og fram til 2003, fekk ikkje Jugoslavia deltake i Eurovision Song Contest. Utestenginga var ein del av dei mange SN-sanksjonane mot nasjonen, på grunn av jugoslaviakrigane og den kroatiske sjølvstendekrigen.[2][3]
Serbia og Montenegro søkte om å få deltake i Eurovision Song Contest igjen i 2003, men Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) avslo søknaden og grunngav det med at for mange land ville bli ståande utanfor finale om ein slapp inn fleire nye land.[4] I 2004 innførte EBU semifinale i Eurovision Song Contest, og dimed fekk Serbia og Montenegro deltake for fyrste gong. I 2006 vart føderasjonen Serbia og Montenegro oppløyst etter ei montenegrinsk folkeavrøysting om lausriving. Montenegro erklærte sitt sjølvstende i juni 2006, og den tidlegare føderasjonen vart delt opp i to sjølvstendige nasjonar: Montenegro og Serbia.[5] Begge landa debuterte som sjøvstendige nasjonar i Eurovision Song Contest i 2007.
Liten suksess
[endre | endre wikiteksten]I motsetning til nabolandet Serbia, har Montenegro hatt liten suksess i Eurovision Song Contest. Etter tre år utan finaleplass valde den montenegrinske kringkastaren Radio Televizija Crne Gore (RTCG) å trekkje seg i 2010. Årsaka var den vanskelege økonomiske situasjonen hos kringkastaren RTCG.[6]
Etter to år vekke frå tevlinga, kom Montenegro tilbake igjen til Eurovision Song Contest i 2012, men kvalifiserte seg fyrst til ein finale i 2014 - på sitt sjette forsøk. I si fyrste finaledeltaking vart Montenegro nummer 19 av 26, og året etter kom den førebels beste plasseringa til Montenegro i Eurovision Song Contest; ein trettandeplass. Sidan den gongen har ikkje Montenegro kvalifisert seg til finalen.
Bidraga i Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]| År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
| Stevan Faddy | «'Ajde, kroči» | Montenegrinsk | Ikkje kvalifisert | 33 | 22 | ||
| Stefan Filipović | «Zauvijek volim te» | Montenegrinsk | 23 | 14 | |||
| Andrea Demirović | «Just Get Out of My Life» | Engelsk | 44 | 11 | |||
| Deltok ikkje 2010–2011 | |||||||
| Rambo Amadeus | «Euro Neuro» | Engelsk, montenegrinsk og tysk | Ikkje kvalifisert | 20 | 15 | ||
| Who See | «Igranka» | Montenegrinsk | 41 | 12 | |||
| Sergej Ćetković | «Moj Svijet» | Montenegrinsk | 37 | 19 | 63 | 7 | |
| Knez | «Adio» | Montenegrinsk | 44 | 13 | 57 | 9 | |
| Highway | «The Real Thing» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 60 | 13 | ||
| Slavko Kalezić | «Space» | Engelsk | 56 | 16 | |||
| Vanja Radovanović | «Inje» | Montenegrinsk | 40 | 16 | |||
| D mol | «Heaven» | Engelsk | 46 | 16 | |||
| Deltok ikkje 2020–2021 | |||||||
| Vladana | «Breathe» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | ||||
Røystehistorikk (2007-2021)
[endre | endre wikiteksten]Finalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Semifinale
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Stevan Faddy i Helsingfors 2007
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Montenegro – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 20. desember 2016.
- ↑ FNs sikkerhetsråd (30. mai 1992). «Security Council resolution 757 (1992) [Bosnia and Herzegovina]». FNs høykommissær for flyktninger/FN. Henta 3. desember 2016.
- ↑ Agence France Presse (9. oktober 2000). «List of International Sanctions Against Serbia». Global Policy Forum. Henta 3. desember 2016.
- ↑ Sietse Bakker (27. november 2002). «No new countries at next Eurovision Song Contest». esctoday.com. Henta 4. desember 2016.
- ↑ «Member States». De forente nasjoner – FN. Henta 20. desember 2016.
- ↑ Hondal, Victor (17. november 2009). «Montenegro withdraws from Eurovision 2010». ESCToday. Henta 20. desember 2016.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest
- Montenegro i Eurovision Song Contest
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Montenegro i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 3. oktober 2020.