Moldavia
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om fyrstedømet. For den moderne staten, sjå Moldova.
| Moldova (Ţara Moldovei) Fyrstedømet Moldavia | ||||
| ||||
|---|---|---|---|---|
| Hovudstad | Baia, Siret, Suceava, Iaşi | |||
| Språk | Kyrkjeslavisk (offisielt) | |||
| Styreform | Fyrstedøme | |||
| Fyrstar av Moldavia (voivodar, hospodarar) | ||||
| - 1346-1353 | Dragoş - den første | |||
| - 1859-1862 | Alexandru Ioan Cuza - den siste | |||
| Historie | ||||
| - Grunnlegginga av den moldoviske grensemarken | 1346 | |||
| - De Jure union med Dei donauske fyrstedøma | 1862 | |||
Moldavia (offisielt Moldova) er ein historisk region og eit tidlegare fyrstedøme i Aust-Europa, som ligg mellom Aust-Karpatane og elva Dnestr. Han var i starten ein sjølvstendig og seinare autonom stat som eksisterte frå 1300-talet til 1859, då han vart slått saman med Valakia, og danna grunnlaget for den moderne staten Romania. Staten inkluderte i periodar områda Bessarabia (med Budjak) og heile Bukovina. Den vestlege delen av Moldavia er i dag ein del av Romania, medan den austlege delen høyrer til den sjølvstendige staten Moldova, og den nordlege og søraustlege delen av regionen høyrer til Ukraina.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Moldavia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Romania og Moldova å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
