Moldjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moldjord
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Beiarn
Postnummer 8110 MOLDJORD
Preposisjon Moldjord
Kart
Moldjord
67°00′24″N 14°34′35″E / 67.006666666667°N 14.576388888889°E / 67.006666666667; 14.576388888889
Wikimedia Commons: Moldjord

Moldjord ligg i nedre del av Beiardalen, og er kommunesentret i Beiarn kommune i Nordland. Her ligg kommunehuset med trygdekontor, likningskontor, bank, bibliotek og lensmannskontor. Av andre fasilitetar finn ein både frisørsalong, butikkar, lækjarsenter, sjukestove, tannlækjar, idrettsbane, lokalradio og kyrkjelydskontor her. Kyrkjestaden for Beiarn kyrkje vart lagt hit allereie i 1724 og det noverande kyrkjebygget frå 1872 har interiør frå 1700-talet.

Det ligg òg ein klokkargard på Moldjord, som vert brukt som kulturhus. Her var komponisten Fridthjov Anderssen fødd. Dessutan finst ein gjestegard her som tilbyr overnatting og servering.

Moldjord skole vart bygd på 1950-talet og har i dag grunnskule fra 1. - 7. klasse, samt vidaregåande skule VG1 i regi av LOSA og vaksenopplæringstilbod. Gymnastikksalen fungerer òg som samfunnssalen i kommunen med kulturscene, pussa opp i 2004. Barnehagen i Beiarn ligg òg på Moldjord.

Hustufter frå vikingtida vart funne på Arstad ved Moldjord i 1967; dette var det fyrste funnet av sitt slag i Nord-Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]