Mongkut av Siam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mongkut av Siam
Thomson, King Mongkut of Siam.jpg
Fødd18. oktober 1804
FødestadThonburi
Død1. oktober 1868
DødsstadGrand Palace

Mongkut (18. oktober 18041. oktober 1868) eller Rama IV var konge av av Siam (Thailand) frå 1851 til 1868. Han stod for den første moderniseringa av landet.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mongkut var den andre sonen til prins Isarasundhorn, son av den første Chakri-kongen av Siam Phutthayotfa Chulalok eller Rama I, og prinsesse Bunreod. Den eldre broren hans hadde døydd som liten. I 1824 blei han ordinert som buddhistmunk for ei tid, etter vanleg thailandsk tradisjon, og tok namnet Vajirañāṇo. Same året døydde faren. Ifølgje tradisjonen skulle Mongkut som son av ei dronning ha arva trona, men adelen valde i staden halvbroren Jessadabodindra (Nangklao), som var son av ei konkubine men var eldre og meir erfaren. Vajirañāṇo valde å unngå politisk intrige og uro, og fortsette å vera munk. Han opplevde at munkane han møtte var blitt slepphendte med reglane, og byrja i 1833 ei reform for å styrka religiøse reglar. Samstundes blei han kjend med vestleg vitskap og kultur. Han lærte seg engelsk, latin og astronomi frå misjonærar og sjøfarande.

Konge[endre | endre wikiteksten]

Kong Mongkut på trona i 1851.
Kongen til høgre med dronning Debsirindra og nokre av borna sine.

I 1851 døydde Nangklao, og støtte frå adelen og britiske agentar gjorde at Mongkut kunne etterfølgja han i staden for sonen hans. Etter 27 år som munk gjekk Mongkut ut av det religiøse livet. Han blei konge 47 år gammal og tok tronnamnet Phra Chom Klao, sjølv om utlendingar framleis omtalte han som kong Mongkut.

Ved kroninga blei han gift med si første kone, dronning Somanat. Dronninga døydde allereie same året. Han gjorde då halv-grandniesa si, Mom Chao Rampoei Siriwongse, til dronning Debsirindra. Mongkut stifta den største kongefamilien i Chakri-dynastiet, med 32 koner og til saman 82 barn ved slutten av livet sitt.[2]

Kongen var klar over trugsmålet frå dei britiske og franske imperia, og satsa på diplomati og samarbeid med dei vestlege maktene. Han gav ordre til adelen om å dekkja overkroppen ved hoffet; dette skulle demonstrera til vestlege sendebod at Siam var eit «sivilisert» land. Han la mindre vekt på å senda representantar til Qing-hoffet, ettersom dette symboliserte Siam si underordning for Kina, og Qing-dynastiet ikkje lenger var så mektig som det tidlegare hadde vore.

Mongkut oppfordra sine kongelege slektningar til å ta ei vestleg utdanning. Hans eigne born blei underviste av den engelske guvenanta Anna Leonowens. Ho skreiv seinare ein roman om opphaldet som blei gjort om til musikalen og filmen The King and I.[3][4][5][6][7]

Kongen skreiv under fleire handelsavtalar med vestlege land, og handelen blomstra. Det blei utvikla industri, først med rismjøl og sukker, og infrastruktur med forbetra vegar og nye kanalar.

Solformørkinga ved Wakor[endre | endre wikiteksten]

Kong Mongkut og følgjet hans ser solformørkinga, kongen sit i midten av paviljongen.
Kongen med sonen og arvingen sin, prins Chulalongkorn, begge i marineuniformar.

Som munk hadde Mongkut vore interessert både i lokal astrologi og i vestleg astronomi og matematikk.[8] Han nytta kunnskapen sin til å endra den offisielle buddhistkalenderen slik at han blei meir nøyaktig.[9] Han rekna også ut tidspunktet for ei solformørking som skulle finna stad 18. august 1868 og ville vera synleg frå Siam.

Kongen tok med seg høgtståande europearar og siamesarar til landsbyen Wakor for å observera den totale formørkinga.[10] Sir Harry Ord, den britiske guvernøren ved Straits Settlements frå Singapore, var ein av dei inviterte.[11] Under reisa blei både kongen og prins Chulalongkorn smitta av malaria. Kongen døydde sju veker seinare i hovudstaden, og blei etterfølgd av sonen, som overlevde sjukdommen.[12]

Asteroiden 151834 Mongkut er kalla opp etter kongen, til minne om hans bidrag til astronomi og til moderniseringa av Siam.[13]

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

Fødenamnet Mongkut (มงกุฎ tyder 'krone'.[14] Som buddhistmunk bar han namnet Vajirañāṇo. Som krona konge hadde han tittelen Phra Bat Somdet Phra Chao Yu Hua (พระบาทสมเด็จพระเจ้าอยู่หัว; 'hans majestet kongen', med fullstendig tiltale Phrabat Somdet Phra Paramenthra Maha Mongkut Phra Chom Klao Chao Yu Hua. Etter at han døydde gav kong Vajiravudh han det posthume namnet Phra Bat Somdet Phra Ramadhibodi Srisindra Maha Mongkut Phra Chom Klao Chao Yu Hua (พระบาทสมเด็จพระรามาธิบดีศรีสินทรมหามงกุฎ พระจอมเกล้าเจ้าอยู่หัว).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bratberg, Terje (13. desember 2017). «Chakri-dynastiet i Thailand». Store norske leksikon. 
  2. Bruce, Robert (1969). «King Mongkut of Siam and His Treaty with Britain» (PDF). Journal of the Royal Asiatic Society Hong Kong Branch. The University of Hong Kong Libraries Vol. 9. Henta 2011-06-27. 
  3. 'King's Ears Won't Hear Songs From "King and I"', Washington Post (28 June 1960), pg. C1.
  4. Marguerite Higgins, 'Siam King Found Shy And Welfare-Minded', Washington Post (30 August 1951), pg. B11.
  5. Lawrence Meyer, 'Court And "The King"', Washington Post (21 November 1972), pg. B2.
  6. Landon v. Twentieth Century-Fox Film Corp., 384 F. Supp. 450 (S.D.N.Y. 1974), in Donald E. Biederman, Edward P. Pierson, Martin E. Silfen, Janna Glasser, Law and Business of the Entertainment Industries, 5th edition (Westport, Connecticut: Greenwood, 2006), pp. 349–356.
  7. 'Thailand bans "Anna and the King"', Asian Economic News (3 January 2000). Accessed 29 August 2008.
  8. Winichakul 1997, s. 42.
  9. Winichakul 1997, s. 43.
  10. Winichakul 1997, s. 46.
  11. Espenak, F. «NASA - Solar Eclipses of History». eclipse.gsfc.nasa.gov. 
  12. Winichakul 1997, s. 47.
  13. «IAU Minor Planet Center». NASA. Henta 19 February 2015. 
  14. Glenn S. (August 12, 2013). «มงกุฎ» (Dictionary). Royal Institute Dictionary—1982. Thai-language.com. Henta 2013-08-12. มงกุฎ /มง-กุด [นาม] เครื่องสวมพระเศียรโดยเฉพาะพระเจ้าแผ่นดิน มียอดสูง. [วิเศษณ์] สูงสุด, ยอดเยี่ยม. 
  • Winichakul, Thongchai. Siam Mapped: A History of the Geo-Body of a Nation. Various pages from Chapter 2. University of Hawaii Press (1997). Web.