Qing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qing
kinesisk 清朝

(pinyin Qīng cháo, Wade-Giles Ch'ing ch'ao)
mandsjuisk Daicing gurun.png (Daicing gurun)

Rike
Blank.png
16441912 Flag of the Republic of China 1912-1928.svg

Flagget til Qing

Qing-flagget

Nasjonalsong
Gong Jin'ou (1911)
Plasseringa til Qing
Utstrekkinga av Qing-Kin i 1892.
Hovudstad Shengjing
(1636–1644)

Beijing
(1644–1912)
Språk Kinesisk, mandsjuisk
Poltisk struktur Rike
Historie
 - Erobringa av Beijing 1644
 - Fullstendig erobring av Sørlege Ming 1662
 - Siste keisaren abdiserte 12. februar 1912
Valuta yuan, cash

Qing (tidlegare transkripsjon Ch'ing) eller Mandsju-dynastiet var eit kinesisk dynasti av mandsjuisk opphav. Det vart grunnlagt av ein stamme frå Mandsjuria som styrta Ming-dynastiet. Dynastiet regjerte frå 1644 til 1912, då Republikken Kina vart oppretta, og var det siste eigentlege keisardynastiet.

Dynastiet herska opphavleg som Seine Jin, men tok i 1636 namnet Qing som tyder 'klår' eller 'gjennomskinleg'. Det fekk offisielt makta i Kina i 1644 etter at Beijing vart teken og plyndra av bondeopprørarar leidde av Li Zicheng, ein mindre embetsmann for Ming-dynastiet. Den siste Ming-keisaren Chongzhen tok livet av seg, og Li oppretta det kortvarige Shun-dynasitet. Dette vart styrta året etter av Qing-styrker hjelpte av Ming-generalen Wu Sangui.

1700-talet opplevde keisardømet ei ny storheitstid då det lukkast i å dra økonomisk nytte av den europeiske koloniverksemda. Dette førte likevel til opiumskrigane (1839–1842 og 1856–1860) mot Storbritannia, krigar som kinesarane tapte. Dermed vart Kina tvunge til å gå med på handelsavtalar som var svært gunstige for britane. På 1800-talet følgde òg den fransk-kinesiske krigen (1883–1885) og den første kinesisk-japanske krigen (1894–1895). Igjen tapte Kina dei begge.

Mot slutten av Qing-dynastiet låg den reelle makta i landet i hendene på utlendingar. Dessutan fanst indre strid som følgje av dårlege levekår og nasjonale strøymingar som ville driva ut dei framande maktene. Dette førde til fleire store opprør som Taipingopprøret (1850–1864), Nianopprøret (1853–1868) og boksaropprøret (1898-1901).

Eit militæropprør i Wuchang den 10. oktober 1911 vart startskuddet for Xinhairevolusjonen, ein landsomfattande oppstand som i februar 1912 tvingde den siste keisaren, Xuantong, til å abdisera. Deretter vart Republikken Kina proklamert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Qing
Spire Denne historieartikkelen som har med Kina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.