Strengeinstrument

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moodswinger, 2006, Yuri Landman

Eit strengeinstrument er eit musikkinstrument som bringar fram tonar ved hjelp av strenger som vibrerer. Anslaget på strengene skjer gjerne ved bruk av eit plekter, ein hammar som slår på strengen, ved ein boge, eller berre ved bruk av fingrane. Den eine handa blir vanlegvis brukt til å trykke ned strengen på varierande posisjonar på instrumenthalsen, noko som varierer vibrasjonslengda på strengen, og dermed hevar eller senker tonen. Eksempel på strengeinstrument som er bygd på denne måten er gitar, fiolin, bratsj, cello, sitar, bassgitar, lutt, mandolin, og banjo. Talet strenger for denne typen strengeinstrument varierer frå om lag fire til tolv.

Andre strengeinstrument kan ha strengene spent fast i ei ramma utan moglegheit til å forandra strengelengda. For å spela alle tonane blir det derfor kravd mange strenger som kvar har ein konstant tone. Eksempel på dette er piano, harpe og kantele.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]